KRIK Husnes Nattcup innebandy

 NATTCUP 2018 vert lørdag 27. oktober!

(Satser på at den helga me stiller klokka blir fast Nattcup-helg!)

Laga som deltek i turneringa møter for registrering og betaling mellom kl. 18.00 - 18.30. Det kostar kr 30,- per person å delta i turneringa. (Gratis for konfirmantar som deltek i kyrkja sitt konfirmantopplegg i Kvinnherad)

Kl. 19.00 vert det Opnings-SHOW, før turneringa tek til. I pausen mellom innledande gruppespel og sluttspel, ca. kl 23.00, vert det ein programdel. Dette året får me storfint besøk, når SOWDIAK og Gino Bless entrar scenen og held konsert.

SOWDIAK og GinoBless skapte god stemning på Leirvik bedehus på Stord då dei var med på PIT STOP i haustferien oktober 2017. Laurdag 27. oktober kan du altså møta desse karane på Nattcupen i Husneshallen! ;-)

--> Slik hadde me det i 2017

Me kan sjå tilbake på nok ein fantastisk kveld/natt etter Nattcupen som var i oktober 2017.  27 lag med til saman 170 spelarar kjempa ute på banane. 

I programdelen ca kl 23 hadde Jakob Saghaug frå Indremisjonssamskipnaden ein appell om kva Jesus betyr for han i kvardagen. Jesus ynskjer og å få del i livet til alle som var på Nattcup. Like etterpå var det eit forrykande sykkelshow med Eirik Ulltang. Fascinerande å sjå slik balansekunst på ein sykkel.


Litt før kl 02.00 var vinnarane klare og me hadde premieutdeling. Då hadde til saman nærare 450 personar vore innom Nattcupen. Utruleg mange stilte opp og gjorde dugnad i cafeen og som vakter og ansvarlege rundt forbi. Tusen takk til alle som hjalp til både før, under og etter cupen! Og nok eit år må eg få nemna eit fantastisk raust næringsliv som gjer det mulig for oss å gjennomføre denne storsatsinga år etter år!

 

Vinnarar Nattcup 2017:

 

Klasse A (Jenteklassen):
1. plass: TEAM 5
2. plass: Uskedølingane
3. plass: Et eller annet navn

Klasse B (8. – 10. kl):

1. plass: Dei 6 Musketerene
2. plass: NiggNogg
3. plass: Red Bulls

Klasse C (1. vgs +):

1. plass: Saoane
2. plass: Yo Kåre
3. plass: Disnipplane

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Maud | Svar 26.10.2018 20.46

Kan vi betale med kort når vi skal registere oss når vi kommer?

Hugne Sjo | Svar 26.10.2017 14.33

Hei! Vil melde på eit lag eg.
Lagnavn: Yo kåre
Spelarar:
Oliver Lygre
Sander Eik Vevik
Elias Urdshals
Benjamin Henriksen
Hugne Sjo

T-skjorter str L

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.10 | 20:46

Kan vi betale med kort når vi skal registere oss når vi kommer?

...
26.10 | 14:33

Hei! Vil melde på eit lag eg.
Lagnavn: Yo kåre
Spelarar:
Oliver Lygre
Sander Eik Vevik
Elias Urdshals
Benjamin Henriksen
Hugne Sjo

T-skjorter str L

...
22.10 | 15:52
STARTSIDE har mottatt 5
28.10 | 02:18
Fotoalbum har mottatt 1
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE