Tidlegare cupar -- 2018

Lørdag 27. oktober var det for 17. år på rad klart for Nattcup i innebandy i Husneshallen. Det er ungdomsarbeidet på Husnes bedehus (KRIK og Nattcaféen) som, saman med kyrkjekontoret, står for dette kristne, rusfrie ungdomsarrangementet.

Meir enn 400 ungdommar var innom Husneshallen denne kvelden, og av desse var ca 150 med i sjølve turneringa. Heile 7 av dei 27 laga som deltok var tilreisande ungdom frå nabo-kommunar.

For nokre av ungdommane var det eit gledeleg gjensyn då Sowdiak og Gino Bless entra scenen og hadde konsert utpå kvelden. Dei to kristne rapparane hadde konsert på Pit stop på Leirvik bedehus i fjor, og også i Husneshallen fekk dei god kontakt med ungdommane, laga god stemning og fekk formidle mykje positivt gjennom låtane sine.

På Nattcupen blir det og lagt stor vekt på den sosiale biten rundt turneringa. I cafeen kunne ein sette seg ned og prate med folk, kjøpe seg heimelaga pizza, brus, sjokolade, kule-is m.m. og ein kunne teste ut FIFA19 på Playstation 4.

Me vil få seie tusen takk til alle som stilte opp og gjorde dugnad i cafeen og som vakter og ansvarlege rundt forbi. Tusen takk til alle som hjalp til både før, under og etter cupen! Og nok eit år må eg få nemna eit fantastisk raust næringsliv som gjer det mulig for oss å gjennomføre denne storsatsinga år etter år!

Vinnarar Nattcup 2018:

Klasse A (Jenteklassen):
1. plass: Resolver
2. plass: Amigos
3. plass: 3G Mus

Klasse B (8.–10. kl):
1. plass: Pull-up skrrt
2. plass: Fusa Dragons
3. plass: Gucci Gang

Klasse C (1. vgs +):
1. plass: Follow Alida
2. plass: Køllebøllene
3. plass: Kraftbaljo

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.10 | 20:46

Kan vi betale med kort når vi skal registere oss når vi kommer?

...
26.10 | 14:33

Hei! Vil melde på eit lag eg.
Lagnavn: Yo kåre
Spelarar:
Oliver Lygre
Sander Eik Vevik
Elias Urdshals
Benjamin Henriksen
Hugne Sjo

T-skjorter str L

...
22.10 | 15:52
STARTSIDE har mottatt 5
28.10 | 02:18
Fotoalbum har mottatt 1
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE