Tidlegare cupar -- 2015

Nattcup 2015

Årets Nattcup i innebandy gjekk av stabelen lørdag 24. oktober. Rett i overkant av 400 personar var innom Husneshallen i løpet av arrangementet.

Det var 24 lag med tilsaman ca 130 spelarar med i turneringa.

8 lag i jenteklassen
9 lag i klasse for 8.-10. klasse
7 lag i klasse for 1. vg og oppover.

 
Vinnarane i kvar klasse vant gåvekort på Peppes på kr 500,-. Alle spelarane på dei tre beste laga i kvar klasse fekk kvar sin pokal. Ein av spelarane vant gåvekort på TrimX på kr 1000,- og mellom alle som var inne under programdelen litt utpå kvelden, trakk me eit gåvkort frå MX Sport på kr 1000,-. 
 
Under opnings-showet fekk me overraskande besøk av Synnøve Solbakken som kunne overrekke ei gåve til Nattcupen på kr 5000,- frå Sparebank1-stiftinga, Kvinnherad. Rørande og flott at arrangementet blir lagt merke til på den måten.
 
Dette året var det lokale ungdommar som stod for programmet mellom innleiande gruppespel og sluttspelet. Ei stor takk må gå til Ole Martin Trondsen og Jarand V Skarveland som hadde ansvaret for lyd & lys og som rigga til tidenes scene i Nattcup-samanheng. Ei stor takk og til Vegar Anthonessen (Huglo), Anders Kannelønning (Stord), Hanna Eikeland, Vilde E. Rusten, Adelin Fylkesnes (Bømlo) og Bjarne CT Trondsen for nydeleg song og musikk! Rebekka Vartdal (frå Indremisjonssamskipnaden) hadde eit flott vitnesbyrd der ho stilte spørsmålet om kor me henter vår identitet frå? Lar me alt og alle forventningane rundt oss få bestemme vår verdi, eller tek me til oss kor uendeleg stor verdi Gud gir oss - uansett?
 
Elles må me få ta med mykje av det samme somi fjor: Me i KRIK Husnes og Nattcafeen vil rette ei stor takk til eit imponerande raust lokalt næringsliv som gjer det mulig for oss å arrangere ein slik cup der det er så og seie heilt gratis for ungdommane å delta! Det kostar kun 25-30 kr for dei som spelar i tillegg til at dei kan bruke penger i cafeen. Publikum betaler ingenting.
 
Ein Nattcup er ein imponerande dugnadsinnsats! Meir enn 50 vakter/leiarar/dommarar/cafe-ansvarlege osv. var med og gjennomførte årets cup. I tillegg stilte ca 20 personar med heimelaga pizza som me selde i cafeen.
 
Natteravnane var oppom og såg at alt gjekk fint! Utekontaktane var og representerte! Alt dette er med på å gi trygghet når me har ansvaret for eit slikt arrangement.

Dørvaktene kunne melde om at det meste gjekk veldig roleg og greitt for seg ute, med tanke på uønska element på eit rusfritt ungdomsarrangement. All ros til ungdommen og ei stor takk til eit imponerande vakt-mannskap.

Dommarar og turnerings-ansvarlege kunne melde om kampar med stort trøkk og engasjement, men ein flott tone spelarane imellom. 

I sjølve innebandy-turneringa var det desse laga som litt før kl 03.00 på natta kunne stige opp på seierspallen:

Jenteklassen:

1. pl: Godt blanda!
2. pl: Sisteplass
3. pl: LA-MA-EM-JU

8.-10. klasse:
1. pl: Eventyret
2. pl: Barely Legal
3. pl: Team Hansa

1. vg og oppover:
1. pl: Bildøy
2. pl: Elektrobandy
3. pl: Bayer Leverpostei

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.10 | 20:46

Kan vi betale med kort når vi skal registere oss når vi kommer?

...
26.10 | 14:33

Hei! Vil melde på eit lag eg.
Lagnavn: Yo kåre
Spelarar:
Oliver Lygre
Sander Eik Vevik
Elias Urdshals
Benjamin Henriksen
Hugne Sjo

T-skjorter str L

...
22.10 | 15:52
STARTSIDE har mottatt 5
28.10 | 02:18
Fotoalbum har mottatt 1
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE