Tidlegare cupar -- 2011

Nattcup 2011

Laurdag 22. oktober 2011 var meir enn 500 personar samla i Husneshallen til KRIK Husnes sin årlege NattCUP i innebandy i Husneshallen. I underkant av 150 ungdommar var med i sjølve turneringa, og desse fordelte seg på 25 lag. Heile 6 av laga kom frå andre kommunar enn Kvinnherad; To lag frå Etne, to frå Stord, eitt frå Bømlo og eitt frå Os! Kjekt at cupen på denne måten har spreidd seg til nabo-kommunane.

Me hadde besøk av Håkon Kalvenes m/ band (www.hakonmusic.com) og Hartvig Kloster frå Friluftsmisjonen. Dei hadde ein liten smakebit av programmet for kundar ved Husnes Storsenter kl 13 om laurdagen. Om kvelden var dei med på JubileumsSHOW saman med dei lokale heltane “Every Second Counts”. Under showet som markerte starten på årets Nattcup vart det og trekt vinnarar av to gåvekort på kr 1000,- frå MX Sport og TrimX.

Då klokka nærma seg 21 tok kampane til. Det vart konkurrert i tre klassar: A: Jenteklasse, B: 8.-10. klasse og C: 1. vg og oppover. Kvar spelar på dei tre beste laga i kvar klasse fekk kvar sin pokal, og vinnarlaget i kvar klasse fekk eit gåvekort på Peppes pålydande kr 500,-.

Vinnarane vart:

Jenter:
1. Jenter96
2. Beliebers
3. Kickass

8.-10.:
1. The Underdogs
2. Rosendal 2
3. Team Bring it

VG1+:
1. Sørstranda Gospelkor 2
2. Ninjacats
3. Sørstranda Gospelkor 1

Det skjedde og mykje utanom sjølve turneringa:
- Nattcafe med heimelaga pizza, brus, sjokolade m.m.
- Bilspel på Playstation med Playseat på storskjerm
- Nintendo WII
- JESUS-hjørne

FOTOALBUM frå Nattcup 2011 finn du her.

Medan du ventar på Nattcup 2012 kan du jo ta turen innom KRIK Husnes sine samlingar i gymsalen ved Undarheim skule fredagar kl 18.30 - 20.00. Eller du kan bli med oss på Facebook!

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.10 | 20:46

Kan vi betale med kort når vi skal registere oss når vi kommer?

...
26.10 | 14:33

Hei! Vil melde på eit lag eg.
Lagnavn: Yo kåre
Spelarar:
Oliver Lygre
Sander Eik Vevik
Elias Urdshals
Benjamin Henriksen
Hugne Sjo

T-skjorter str L

...
22.10 | 15:52
STARTSIDE har mottatt 5
28.10 | 02:18
Fotoalbum har mottatt 1
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE