Tidlegare cupar -- 2012

Nattcup 2012

Årets Nattcup i innebandy gjekk av stabelen lørdag 20. oktober. Meir enn 400 personar var innom Husneshallen i løpet av arrangementet.

Det var 25 lag med tilsaman ca 115 spelarar med i turneringa.
10 lag i jenteklassen (ny rekord for denne klassen!)
9 lag i klasse for 8.-10. klasse
6 lag i klasse for 1. vg og oppover.
 
Vinnarane i kvar klasse vant gåvekort på Peppes på kr 500,- + sportsbag og handkle frå Tropehagen Zoo på Husnes. Ein av spelarane vant gåvekort på TrimX på kr 1000,- og mellom alle som var inne under programdelen litt utpå kvelden, trakk me eit gåvkort frå MX Sport på kr 1000,-.
 
KRIK Husnes har lyst til å rette ei stor takk til eit imponerande raust lokalt næringsliv som gjer det mulig for oss å arrangere ein slik cup der det er så og seie heilt gratis for ungdommane å delta! Det kostar kun 25-30 kr for dei som spelar i tillegg til at dei kan bruke penger i cafeen. Publikum betaler ingenting.
 
Ein Nattcup er ein imponerande dugnadsinnsats! Over 60 vakter/leiarar/dommarar/cafe-ansvarlege osv. var med og gjennomførte årets cup. I tillegg stilte meir enn 20 personar med heimelaga pizza som me selde i cafeen.
 
Politiet og natteravnane var oppom og såg at alt gjekk fint! Utekontaktane var på plass og me hadde med oss folk frå Røde kors! Alt dette er med på å gi trygghet når me har ansvaret for eit slikt arranegement.
 
Dørvaktene kunne melde om den rolegaste og flottaste Nattcupen nokon sinne, med tanke på uønska element på eit rusfritt ungdomsarrangement. Det var stille og roleg ute rundt heile området. Ingen som stod og "stonga" i døra og ikkje slapp inn. All ros til ungdommen og ei stor takk til eit imponerande vakt-mannskap.
 
Dommarar og turnerings-ansvarlege kunne melde om kampar med stort trøkk og engasjement, men ein utruleg flott tone spelarane imellom. To gonger opplevde ein m.a. at begge laga frå ein kamp kom bort til sekretæriatet og ville rette opp i ei feilnotering: På resultat-lista var det blitt feil vinnar. Begge laga var enige: Det var feil. Ingen som ville "lure" til seg ein seier på feil grunnlag! Imponerande og flott!
 
BigBrazz imponerte og fekk vist fram for jamaldringane kor flinke dei er! Det var nokså sikkert mange som var der som aldri hadde høyrt dei. Nå fekk dei vise at Brazz og blåseinstrument ikkje treng vera kjedelig, slik som mange sikkert trur. Dei varta opp med m.a. "Smoke on the water", "Pirates of the Caribien" og "Månemannen".
 
75 år gamle Tormod Sunde hadde teke utfordringa med å halde ein appell/ein kort andakt i programdelen utpå kvelden. Han fekk formidle Jesus på ein fantastisk måte til fleire hundre ungdommar. Midt i vart det knystande stille, ikkje fordi alle hadde gått ut, men fordi dei høyrde etter det som vart sagt.
 
I sjølve innebandy-turneringa var det desse laga som i 3-tida på natta kunne stige opp på seierspallen:
 
Jenteklassen:
1. pl: Nameless (Jenter frå Husnes)
2. pl: Team Swag (Konfirmantar frå Halsnøy)
3. pl: MaSuMaElReMa (Jenter frå Sunde, Valen og Husnes)

8.-10. klasse:
1. pl: Nameless (Gutar frå Valen og Sunde)
2. pl: The Ninjas (Konfirmantar frå Halsnøy)
3. pl: DRAMM (Gutar frå Herøysund, Husnes, Sandvoll og Valen)

1. vg og oppover:
1. pl: Dynasti (Gutar frå Bømlo og Stord)
2. pl: Tre små høns (Gutar/menn frå KRIK Husnes)
3. pl: Red Devils (Gutar frå Etne)

Eit fyldig FOTOALBUM frå Nattcup 2012 kan du finne her.

Medan du ventar på neste Nattcup kan du jo ta turen innom KRIK Husnes sine samlingar i gymsalen ved Undarheim skule annakvar fredag kl 18.30 - 20.00. Eller du kan bli med oss på Facebook!
 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.10 | 20:46

Kan vi betale med kort når vi skal registere oss når vi kommer?

...
26.10 | 14:33

Hei! Vil melde på eit lag eg.
Lagnavn: Yo kåre
Spelarar:
Oliver Lygre
Sander Eik Vevik
Elias Urdshals
Benjamin Henriksen
Hugne Sjo

T-skjorter str L

...
22.10 | 15:52
STARTSIDE har mottatt 5
28.10 | 02:18
Fotoalbum har mottatt 1
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE