Tidlegare cupar -- 2013

Nattcup 2013

Årets Nattcup i innebandy gjekk av stabelen lørdag 26. oktober. Meir enn 400 personar var innom Husneshallen i løpet av arrangementet.

Det var 25 lag med tilsaman ca 125 spelarar med i turneringa.

11 lag i jenteklassen (ny rekord for denne klassen!)
9 lag i klasse for 8.-10. klasse
5 lag i klasse for 1. vg og oppover.

 
Vinnarane i kvar klasse vant gåvekort på Peppes på kr 500,-. Alle spelarane på dei tre beste laga i kvar klasse fekk kvar sin pokal og dei som kom på tredjeplass fekk i tillegg effektar frå Tropehagen Zoo på Husnes. Ein av spelarane vant gåvekort på TrimX på kr 1000,- og mellom alle som var inne under programdelen litt utpå kvelden, trakk me eit gåvkort frå MX Sport på kr 1000,-.
 
KRIK Husnes har lyst til å rette ei stor takk til eit imponerande raust lokalt næringsliv som gjer det mulig for oss å arrangere ein slik cup der det er så og seie heilt gratis for ungdommane å delta! Det kostar kun 25-30 kr for dei som spelar i tillegg til at dei kan bruke penger i cafeen. Publikum betaler ingenting.
 
Ein Nattcup er ein imponerande dugnadsinnsats! Meir enn 50 vakter/leiarar/dommarar/cafe-ansvarlege osv. var med og gjennomførte årets cup. I tillegg stilte meir enn 20 personar med heimelaga pizza som me selde i cafeen.
 
Politiet og natteravnane var oppom og såg at alt gjekk fint! Utekontaktane var og representerte! Alt dette er med på å gi trygghet når me har ansvaret for eit slikt arranegement.

Dørvaktene kunne melde om at det meste gjekk veldig roleg og greitt for seg ute, med tanke på uønska element på eit rusfritt ungdomsarrangement. All ros til ungdommen og ei stor takk til eit imponerande vakt-mannskap.

Dommarar og turnerings-ansvarlege kunne melde om kampar med stort trøkk og engasjement, men ein utruleg flott tone spelarane imellom. Mange spelarar var innom sekretariatet og gav uttrykk for at dei var svært takknemlege for arrangementet.

Dette året hadde me fått besøk av to rapparar frå Bergens-området, KløverKnekt og Skarre R (www.kloverskarre.no). Dei hadde ein kort konsert på Storsenteret kl 13, og kl 15-17 var 12-13 ungdommar med på workshop i biblioteket. Her fekk ungdommane lære litt om både musikk og det å skrive tekstar. Rapparane vart godt mottekne i Husneshallen og, der dei deltok under opningsseremonien og hadde konsert seinare på kvelden. Dei skrytte veldig av ungdommane, og sa dei var eit strålande publikum!

I sjølve innebandy-turneringa var det desse laga som i 3-tida på natta kunne stige opp på seierspallen:

Jenteklassen:

1. pl: Nameless - Konfirmantjenter frå Husnes og sunde
2. pl: Berzerk - Jenter frå ungdomsskulen og vidaregåande frå Husnes og sunde
3. pl: Dreamteam -Ungdomsskule-jenter frå valen og sandvoll

8.-10. klasse:
1. pl: Team Maskiin - Halsnøy-gutar
2. pl: Zibbgivers - 10. klassingar frå Husnes, Sunde, Kaldestad og Sandvoll.
3. pl: Vitaminbjørna - Gutar frå Rosendal ungdomsskule

1. vg og oppover:
1. pl: Muppetshow - gutar i 1. vidaregåande frå Valen og Sunde
2. pl: Bøllene med køllene - Lag frå Etne
3. pl: Tre små høns - KRIK Husnes sitt eige lag

Eit fyldig FOTOALBUM frå Nattcup 2013 kjem til å komme her.

Medan du ventar på neste Nattcup kan du jo ta turen innom KRIK Husnes sine samlingar i gymsalen ved Undarheim skule annakvar fredag kl 18.30 - 20.00. Eller du kan bli med oss på Facebook!

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.10 | 20:46

Kan vi betale med kort når vi skal registere oss når vi kommer?

...
26.10 | 14:33

Hei! Vil melde på eit lag eg.
Lagnavn: Yo kåre
Spelarar:
Oliver Lygre
Sander Eik Vevik
Elias Urdshals
Benjamin Henriksen
Hugne Sjo

T-skjorter str L

...
22.10 | 15:52
STARTSIDE har mottatt 5
28.10 | 02:18
Fotoalbum har mottatt 1
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE